Velkomen til nettsida mi! Eg har i fleire tiår arbeidd med både politiske og faglege spørsmål knyta til kjønn og makt, forutan fagleg arbeid med religion. Religionstema eg har tatt opp, har dreidd seg om definisjonar og grenser for religion, religion i samvirke med andre kulturelle uttrykk og praksisar og religiøs endring.
Etter innføring av sjølvidentifisering av kjønn i 2016, har eg i større grad fokusert på grunnlag for og konsekvensar av denne type lovgjeving. Eg har undersøkt og kritisert korleis ei subjektiv verdsoppfatning, i høve til kjønn, har sett seg igjennom på alle samfunnsområde. Det har vore nær umogleg å få til ei sakleg og tverrfagleg drøfting av dette med resten av akademia, med hederlege unntak. I staden har me (kvinner) som har uttrykt kritikk av det sirkulært definerte begrepet «kjønnsidentitet» og følgjene dette får, blitt utsett for massive svertekampanjar, innanfor og utanfor akademia. Eg valte å forlata akademia då eg i forsking blei stempla som høgreekstrem og ein fare for demokratiet og grunnleggande menneskerettar.
I 2021 forfatta fyrsteamanuensis Kamilla Aslaksen og eg ein klage på framstillinga av kjønn i Store norske leksikon. Leksikonet er eigt av heile universitets- og høgskolesektoren, samt andre aktørar, som stiftinga Fritt ord. Me viste korleis leksikonet på området kjønn nå er prega av aktivistisk og ideologisk formidling. Klagen førte til at det blei gjort ein del, men ikkje tilstrekkelege, endringar. Kjønnsidentitet som ein mystisk essens inni oss, uavhengig av kropp, og kjønn som noko flytande og mangfaldig, ikkje dei reelle to, er framleis «sanning» i leksikonet. Det er det også i all kommunikasjon frå det offentlege, i barnehage- og skolesektor, i jussen, på det medisinske behandlingsfeltet og som dominerande narrativ i media. Boka Kjønnstru og Medvit forlag er bidrag til ei anna forteljing om røynda, og til medviten, kritisk tenking.