Sofie Braut, kommentator i avisa Dagen, gjev ei sterk og særs positiv melding av boka Kjønnstru: Kampen om røynda, den 17. oktober 2023. Ho meiner boka er systematisk, både debatt og folkeopplysning, og at forfattaren er ein kompetent bidragsytar med svært god oversikt over saksfeltet. Boka siktar seg inn mot «debatt-orkanens auge», framheld ho. Braut avsluttar slik:
«At Anne Kalvig, akademikaren som la ned professortittelen i protest, no tilbyr ei kritisk gjennomgang av kjønnskampen her i Noreg, er ein kraftsats og eit varsku, neppe eigna til å auka populariteten hennar i det Ibsen ville ha kalla «den kompakte majoritet».
Boka bør likevel lesast av alle med interesse for det som formar samtida og tanken vår. Og kven veit, kanskje det kjem ei ettertid med nok klarsyn til å takka henne fordi ho tok kampen for «røynda» – sjølv om det kosta henne dyrt.»
Heile bokmeldinga kan lesast her (bak betalingsmur).
Foto: Alice Tegle