«Innestemme» som gjentatt krav i transdebatten, fortel kvinner at dei tar for stor plass. Eg er ei slik kvinne. Me representerer eit syn på kjønn som ikkje lenger kan førast som diskrimineringsvern, og må ikkje heva stemma. Vårt syn på kjønn som binært og uskifteleg, er ramma av straffelova, og det har ikkje lenger plass i politikk, forvalting, kunnskapsplattformer, nettleksikon, læreplanar eller rammeplan for barnehagen. Kvinner som hevdar eit objektivt og vitskapleg syn på kjønn, blir marginaliserte og nazistempla – og me må sjå til å finna innestemma.
Men kva er innestemme, sånn eigentleg? Er det kanskje å skriva ei bok på over 350 sider, slik eg har gjort med Kjønnstru: Kampen om røynda, utgjeve på eige forlag i haust? Boka dokumenterer og analyserer den politiske og ideologiske utviklinga innan språk, juss, medisin, NGO-landskapet, media og på religionsfeltet relatert til kjønn, og har 28 sider med referansar. Eller er heller ikkje slikt «innestemme»? Ting kan tyda på at den varsame «innestemma» rett og slett er kodeord for eit krav om å vera einig med makta.
Sjå til dømes korleis posisjonering og stempling av stemmer foregår i norsk kulturelite. Den suksessrike krimforfattaren Anne Holt manar ofte til innestemme. Ho har nyleg gjeve ut boka Tolv utemte hester, med ei transidentifiserande kvinne i hovudrolla. Holt fortel opprømt om dette på Facebook den 1. desember under tittelen «ADVARSEL: LANGLESING – ADVARSEL 2: HÅND I VEPSEBOL – ADVARSEL 3: VIRKELIG LAAANGLESING OM VEPSEBOLPROBLEMATIKK». Same dag blei teksten republisert i nettavisa Filter Nyheter.
Teksten framstår som ei blanding av promotering av eiga bok, Holts kjensler om eit ordskifte ho meiner å ha følgt med på, og voldemortisering – utpeiking av nokon som så vond at namn ikkje kan nemnast – av særleg ein person ho er ueinig med, nemleg meg. Bodskapen for øvrig er at personar som identifiserer seg som trans, er dei som må få bestemma korleis samfunnet skal handtera fenomenet «trans», og der er det beste å sjå til kulturfeltet, ikkje vitskapen. Ho nemner mi bok og min person, men eg må altså ikkje nemnast med namn, nett som J K Rowlings Voldemort. Med Holts ord:
«Mitt inntrykk etter å ha fulgt debatten i mange år er nemlig at de fleste mennesker (…) egentlig ikke vil transpersoner noe vondt. Det er i det hele tatt få som vil andre veldig vondt. Og når så mange sier, så ofte, at det er smertefullt inntil det suicidale ikke å bli sett og godtatt i sin kjønnsinkongruens eller transisjon, skal det godt gjøres å være fiendtlig allerede i utgangspunktet.
Noen få er imidlertid det. Det har for eksempel nylig kommet ut en bok skrevet av en aktivist i anti-transbevegelsen. Jeg har lest den. Ettersom en diskusjon mellom forfatteren og meg vil være et gedigent sløseri med tid for oss begge, nevner jeg verken tittel eller forfatter her. Men tankegodset i boka er velkjent».
Som den merksame lesar vil sjå, er eg plassert som å stå i motsetning til dei fleste menneske, altså vil eg transpersonar vondt, ja, eg vil som ei av få, andre «veldig vondt», eg er ein person som driv folk til sjølvmord med fiendskapen min. Blås i om seriøs forsking viser at dei fleste transidentifiserande som tar livet sitt, gjer det etter «kjønnsskiftet». Av Holt kan eg ikkje nemnast som anna enn «aktivist» i «antitransbevegelsen». Eg har høyrt til kvinnerørsla i 30 år. For øvrig er eg religionsvitar med doktorgrad, kjønnsforskar og nyleg avgått professor ved Universitetet i Stavanger, og eg har altså skrive den einaste, breitt anlagte, fagleg og kvinnepolitisk informerte debattboka om endringane på kjønnsfeltet på norsk.
Mange bokmeldarar etterlyste ei debattbok då dei tidlegare i haust meldte og skapte debatt om biologiprofessor Glenn-Peter Sætres viktige fagbok, «To kjønn», om kjønnsceller, reproduksjon og evolusjon. Det har vore nokre positive meldingar av mi bok, men ikkje debatt om det boka dokumenterer. Kanskje redaksjonane ville ha debatt, men helst ikkje debattbok frå ei som har måtta seia opp jobben som professor grunna årelang trakassering og mobbing, nettopp for å ha stått i debatten om kjønn? Eller så seier ein at ein vil ha debatt og kunnskap, men så vil ein det ikkje eigentleg, til liks med Holt.
Anne Holt blokkerer nemleg på Facebook alle som uttrykker usemje med henne i klare ordelag, dei er hatefulle og «den banden» som kjem med «spinnville personangrep». Sjølv er eg til dømes tilgodesett med å kunna lesa at Holt handsamar meg som Harry Potter-universets vonde Voldemort, men eg er blokkert frå å kommentera på innlegget. Den tale- og skriveglade Holt gjer meg som forfattar andletslaus og ordlaus, og boka mi til ein namnlaus tekst med «velkjent tankegods», sett inn i ein kontekst av «vondt menneske, heldigvis finst det få slike». For mange utanforståande, vil nok dette framstå som ein underleg, for ikkje å seia infam, manøver av ein kjent og mektig samfunnsaktør. Korfor trekka fram ei kvinne og ei bok ein ikkje vil verken sitera, kritisera innhaldet i eller nemna ved namn? Kva seier eit slikt debattnivå om kunnskapssituasjonen her til lands?
Jo, det fortel at norsk offentlegheit og maktapparat synst at nokre stemmer skal stilnast, og andre skal høyrast. Dette blir kalla «å ha innestemme». Dette er konsensus hos dei mange stemmene som faktisk tar ordet og forvaltar eigarskap til kva tyding orda skal ha, som i redaksjonar, hos politikarar, i ulike direktorat, hos politi, dommarar, og til dømes hos dei godkjende stemmene i Holts eige kommentarfelt på Facebook. Holt avsluttar Facebook-teksten med å visa til behovet for innestemme, især nå som det snart er advent. Ein kommentator jublar: «den mest nyanserte, tolerante og medmenneskelige teksten jeg har lest om dette temaet noensinne. For det er et vanskelig tema som fordrer varsomhet, åpenhet og fornuftig tanke». I boka mi skriv eg til dømes dette om transidentifiserande personars rettar, på side 36: «Personar som identifiserer seg som «trans» eller «ikkje-binære» har krav på eit tilvære utan hets, trakassering, diskriminering og vald. Det har me alle». Fiendtlege, sjølvmordsframkallande ord, i grell kontrast til innestemmene?
I den nyanserte og medmenneskelege Facebook-teksten, skriv Holt også at viss det viser seg at «opportunistiske» kjønnsskifte blir vanleg (kva nå det skulle tyda), er det «bare å lage en regel som stanser det», korleis nå det skulle gjennomførast eller grunngjevast, når sjølvidentifiseringslova bygger på erklæringsmodell aleine. Holt rører vidare om at ein ikkje opererer på mindreårige her til lands, noko ein viteleg gjer og som ho blir gjort merksam på i kommentar frå journalist Anki Gerhardsen. Holt innrømmer at ho veit det. Men teksten «var sannelig lang nok som den var!», forklarer ho. Så faktisk desinformasjon er visst ikkje så farleg.
Målet med teksten synast å vera å skapa ein gruppedynamikk der nokon (slike som meg) er vonde, umoralske og falne, som Voldemort, og dei andre (Holt og dei einige venene) er moralske, gode og rettruande. For dette dreier seg jo om trusførestillingar, ingen kan dokumentera at rette sinn får tildelt feil kroppar (av Gud?), og det er ikkje fysisk mogleg å skifta kjønn. Men det er fullt mogleg å ha kjensler, erfaringar og trusførestillingar, det skal samfunnet verna gjennom trusfridommen, og andre skal også vera verna mot å måtta ta del i trusførestillingane. Fridom og avgrensingar kring trussystem er noko samfunnet har erfaring med og prosedyrar for, og konflikt og forhandlingar skjer ofte på området.
Men Holt vil ikkje drøfta konflikt mellom former for menneskeleg utfalding og diskrimineringsvern: «Ettersom det er komplett umulig for meg å se at noe skal forsvinne for andre ved å anerkjenne retten til transisjon, velger jeg å parkere problemstillingen. Det beste er å la disse meningene få dø av ensomhet». Menn i kvinners rom og arenaer, ein realitet i Norge og resten av verda nå, finst rett og slett ikkje i Holts fiktive univers. Espen Goffeng, journalist og podkastvert i Tankesmien Agenda, synst det han les er bra: «Veldig bra. Jeg tror noe av remedien er å fremheve ting produsert av fornuftige, rolige folk, og ikke hele tiden peke på ytterkanter».
Så då er det bare å venta på at Holt får utbrodera sitt syn i podkast, på oss som er så vonde at me ikkje kan nemnast med namn, med meiningar som skal døy av einsemd, slik Goffeng etter mange tiggerundar fekk filmkritikar Brita Møystad Engseth til å delta i podkasten hans. Det var etter at Engseth karakteriserte Christina Ellingsen (førre styreleiar av kvinneorganisasjonen WDI Norge) og alle assosierte med henne slik i offentleg oppslag på Facebook: «rabiesbefengte TERF-ekorn som blindt og kaklende følger sin åndssvake leder Ellingsen», forutan å stempla lesbisk kunstnar Tonje Gjevjon og oss andre kvinnesakskvinner som «mørkekvinner» og «drittkjerringer», og med beskjed til oss om å halda kjeft. Rabies- og åndssvak-karakteristikken blei likt av førre likestillingsminister Trettebergstuen og hundrevis av andre kulturtoppar og menneske med makt. Innestemmer, mangfald og inkludering over heile fjøla.
Det framstår vidare som eit stort tankekors, kva dei dominante – og ganske bydande – innestemmene eigentleg vil ha debatt om? Kva skal stemmene brukast til? Me har jo det lovverket dei vil ha. Kjønn finst jo ikkje lenger som reell storleik. Kjønn er primært kjensle og trusoppleving, og det er den type kjønn som har vern i straffelova, kjønn i gammaldags forståing har ikkje det. Det er denne forståinga som blir innlært den oppveksande slekta, med stadig fleire som søker seg til behandling for å gjera operasjonar på sine friske kroppar. Det skal bli kriminelt å ikkje støtta konvertering av kroppar. Me som seier imot, skal sjå innvendingane våre døy i einsemd. Så det ein vil ha, er visst at alle går i takt, og ingen seier i mot, for då er ein Voldemort.
Meiningane våre vil ikkje døy, men det er presist formulert at slike meiningar knapt nok finst i maktapparatet. Så her er me, med ein konformitets- og konsensuskultur utan sidestykke, med intense svertekampanjar mot kvinner som seier imot, og verdas mest ekstreme lovgjeving, der alle Yogyakarta-evangeliet sine bod, er oppfylte. Så innestemme, godheit og sunn fornuft, det er makta, det. Demokratiet er i krise.